Gode solforhold, med sol heile året. Nydeleg utsikt mot fjord og fjell. Med tanke på kor tett ein bur i Hatlevika, og kor mange som bur der, føler vi likevel at vi har hatt ein skjerma veranda og at det generelt er lite støy i området (både av folk og trafikk). Vi har hatt mykje kjekt ilag med naboane, m.a. feira 17.mai ilag i gata, og jonsok i fjøra. Ungane omtalar det som eit eige lite samfunn. Vi har mange gangar hatt langbord i gata, og også partytelt i samband med 17.mai. Ungane har alltid kunne gå rett ut for dør og møtt leikekameratar, og vi vaksne har hatt mange kjekke stunder med gode naboar. Sentralt og tettbygd område med fleire fordelar for barnefamilier: mange leikekameratar for ungane i nærområdet, leikeplassar, trygg og kort skuleveg, fleire barnehagar, gåavstand til butikk, Aksla fotballbane og aktivitetar på skulen og tennishallen. I tillegg god bussforbindelse til Moa og byen. Flott grønt nærområde med Fjordstien, fjøra med badebrygge, akebakken og skogen på Krohnmarka og turstiar over Hatlaåsen. Bra parkeringsforhold, med både carport og plass på felles parkeringsplass nedom huset, samt muligheter for å køyre oppom huset for å laste av. Planløysinga har fungert svært godt for oss. Fordelar oppe er toalettet som ungane kjapt kunne springe inn på, og open/fleksibel løysing i stove/kjøkken med direkte utgang til skjerma veranda. Nede er vi godt nøgde med bod/kleoppbevaring i gang, som har redusert behov for kleoppbevaring på soveromma og dermed frigjort plass der. Badet er romsleg, sjølv med både badekar, dusj og dobbel vask. Vaskerommet er lite, men er godt utnytta i forhold til fasong og har fungert godt for oss. Det vi kjem til å sakne mest med Hatlevika er utsikta, den skjerma verandaen, det grønne nærområdet og samholdet i gata.